Norges Bygdekvinnelags Politiske plattform

1 Politisk plattform Norges Bygdekvinnelags Politiske plattform

2 Politisk plattform Norges Bygdekvinnelag 2022 www.bygdekvinnelaget.no post@bygdekvinnelaget.no

3 Politisk plattform Norges Bygdekvinnelag er ein frivillig organisasjon som arbeider for at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kvar dei bur. Bygdekvinnelaget er partipolitisk nøytral og jobbar interessepolitisk med saker som er viktig for organisa- sjonen og aktive bygdesamfunn. Frivillige organisasjonar er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver. Innanfor frivilligheita møtast folk i ulik alder, samfunnslag og med ulik bakgrunn på arenaer som skapar engasjement, fellesskap og aktivitetar som gir gode liv og levande bygder. Vi tek vare på og vidarefører vår allsidige kulturarv. Langsiktig og kunnskapsbasert forvaltning av menneskelege, kulturelle og naturgjevne ressursar i heile landet, har medverka til at Noreg i dag er blant verdas beste land å bu i. Over lang tid har unge folk flytta fra bygdene til meir folkerike og sentrale områder. Det svekker distrikta, gjev færre folk, mindre mangfald og nyskapning. Denne utviklinga ønskjer Bygdekvinnelaget å snu. Gode tilbod der vi bur Nærbutikken har betyding ut over sal av mat. Den er ein viktig samlingsplass som tek vare på ulike funksjonar og yt tenester. Eit godt og variert kulturtilbod og gode kollektivløysingar er òg avgjerande for trivsel og attraktive stader å bu. Det same er eit desentralisert tilbod om høgare utdanning i hele landet. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Alle skal ha god tilgang til offentlege tenester uavhengig av kvar dei bur. 2. Alle skal ha tilgang på høgfartsbreiband med stabilt og godt nettverk. Gode liv i levande bygder

4 Politisk plattform Innovasjon og næringsutvikling Primærnæringa er fundamentet for levande distrikt med eit mangfald av lokalmatprodusentar, reiselivs- verksemder og lokale servicetilbod. Det må satsast på forsking og utvikling av fornybare produkt og tenester med utgangspunkt i jordbruk, skogbruk og havbruk, og det må leggast til rette for nærings- utvikling med utgangspunkt i lokal kultur. I heile landet treng vi eit mangfald av arbeidsplassar, både offentlege og private. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Det må leggast til rette for lokal innovasjon, gründerskap og sosialt entreprenørskap. 2. Det må satsast på å auke delen kvinnelege gründerar, bønder og sjølvstendig næringsdrivande. 3. Lokalt og nasjonalt eigarskap til naturressursar og lokale verksemder må sikrast. Frivilligheita Frivilligheita har stor betyding for folkehelsa og gode lokalmiljø. Frivillige organisasjonar er ein ressurs og samarbeidspartnar for å lukkast med eit nasjonalt integreringsløft. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Det trengst gode og stabile rammevilkår som legg til rette for frivillig engasjement. 2. Full momskompensasjon til frivillige organisasjonar for kjøp av varer og tenester må lovfestast. Norges Bygdekvinnelag

5 Politisk plattform Norges Bygdekvinnelag meiner alle skal ha like moglegheiter, rettar og plikter til å delta i samfunnet. Noreg er fleirkulturelt. Det gjer samfunnet vårt sterkare, rikare på kunnskap, meningar, kultur og tradisjonar. Vi må bygge fellesskap mellom kvinner i Norge –og jobbe for å inkludere innflyttarar i frivilligheita og lokalsamfunn. Et likestilt arbeidsliv Lik lønn for likt arbeid og satsing på inkluderande arbeidsliv er fundamentet for eit likestilt arbeidsliv. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Retten til heiltidsarbeid må lovfestast. 2. Vi trenger fleire kompetanse- arbeidsplassar i distrikta. 3. Nye landskvinner må få mogleg- heit til å ta i bruk sin kompe- tanse, ressursar og erfaring. Kvinners innverknad og livsvilkår Partnere med felles eiendom eller felles bedrift må sikres lik kunnskap om juridiske rettar. Trakassering, vald og overgrep mot kvinner og barn nasjonalt og internasjonalt er uakseptabelt. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Vi må bidra til å styrke bygdekvinner globalt. 2. Alle må gis mulighet til utdanning, til å produsere mat til egen familie, kunnskap om rettigheter og reproduktiv helse og tilgang til land og kreditt. Likestilling, inkludering og mangfald FNS BEREKRAFTSMÅL 5 Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet FNS BEREKRAFTSMÅL 8 Fremme varig, inkluderende og bærekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle.

6 Politisk plattform Mat, miljø og klima Det er eit overordna politisk mål for Noreg å ha landbruk over heile landet og auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar. Ei global matkrise kan gi matmangel på verdsmarknaden. For å gje barn gode liv vil vi at alle skal få sunne måltid gjennom dagen, praktisk matkunnskap og gode matvanar. Å lære om dyrking, lokale råvarer, matlaging og sanking kan skape nysgjerrigheit og forståing for matproduksjon, helse og berekraft. Dagens forbruk er ikkje berekraftig. Jordklodens ressursar byggast ned. Klede og andre forbruksvarer krev store ressursar. Informasjon, gjenbruk og reparering kan bidra til et meir berekraftig forbruk og redusere belastinga på miljøet. Bærekraftig matproduksjon Ressursane i jord, skog, fjell og hav må forvaltast i et langsiktig perspektiv. Maten som produ- serast, må være sunn og trygg. Produksjonen av økologisk mat bør aukast. Det må leggast til rette for lokal foredling og distribusjon av lokalmat, andelslandbruk, småskala matproduksjon og parsellhagar. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Det må være lønnsamt og føreseieleg for bonden å produsere mat. 2. Beiteressursane over heile landet må nyttast. 3. Matproduksjonen må tilpassast endringar i klimaet. FNS BEREKRAFTSMÅL 2 Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring og fremje berekraftig landbruk. FNS BEREKRAFTSMÅL 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster.

7 Politisk plattform Matsikkerheit og beredskap Alle land må sikrast rett til å produsere mat til eige folk. I Norge må sjølvforsyninga basert på norske råvarer - styrkast. Ei høg sjølvforsyningsgrad er solidarisk overfor andre land. Praktisk kunnskap om bruk av lokale råvarer er viktig for beredskapen. Bønder sine rettar til eige såfrø må styrkast globalt. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Det nasjonale jordvernet må styrkast. Nedbygging av matjord må stoppast. 2. Importvernet må styrkast. 3. Det må opprettast eit nasjonalt beredskapslager for norsk korn. Genmodifiserte organismar Norges Bygdekvinnelag meiner at «ei føre-var tilnærming» må leggast til grunn i utvikling og bruk av GMO i Noreg og internasjonalt. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Alle produkt med GMO må merkast slik at forbrukarane kan ta informerte val. 2. Forbrukarar og produsentar må ha rett til å velje GMO-fri mat, fôr, frø og dyr. Mangfald av mat i butikkane Forbrukarar må få best mogleg utval av produkt i butikkhyllene. Det kan blant annet sikrast ved å gje lokalmatprodusentar enklare tilgang til marknaden. Prisen på daglegvarer må gjenspegle kvalitet og kostnadene, som heng saman med korleis maten er produsert. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Maktkonsentrasjonen i daglegvare må avgrensast. 2. Bruk av eigne merkevarer (EMV) må regulerast. 3. Alle matvarer må merkast med innhald og opphav. Mat og oppvekst Barn og unge må få kunnskap om matproduksjon, bruk av lokale råvarer og matlaging. Faget «Mat og helse» i skulen må styrkast. Barnehagar og skolefritidsordningar må tilby sunne måltid. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Eit gratis skulemåltid for alle elevar må lovfestast. Det må tilførast ekstra ressursar til det. 2. Ved innføring av skulemat i Noreg bør maten så langt det er mogeleg vere produsert på lokale ressursar og matkultur.

8 Politisk plattform Bærekraftig forbruk Å ete lokal mat i sesong hindrar unødvendig transport og gjev ferskare råvarer som bidreg til mindre matsvinn. Å bruke heile dyret, frå hovud til hale, er god bruk av ressursane. Det same er det å legge til rette for at frukt og grønsaker med «kosmetiske feil» og bruk av heile slaktedyr, vert tilgjengelege i butikk. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Kosthaldsråda må ta utgangs- punkt i norske ressursar og tradisjonell matkunnskap. 2. Det må leggast til rette for redesign, gjenbruk og reparering av klede og andre forbruksvarer. 3. Plastemballering må avgrensast. FNS BEREKRAFTSMÅL 12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting. Ole Skaten/Tysnesbladet

9 Politisk plattform Mat som kulturarv Norges Bygdekvinnelag har status som rådgivande organisasjon for UNESCO på mattradisjonar i Norge. Vi er ekspertar på tradisjonell matkunnskap og er ein viktig aktør for å ta vare på kulturarven. Å forvalte kunnskapen om tradi- sjonsmat handlar om å bevare, formidle og overføre. Læra om tradisjonell bruk av norske råvarer, teknikkar og metodar i matlaging er ein del av den immaterielle kulturarven. Norge må arbeide for å oppfylle pliktene vi har etter UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv. Norges Bygdekvinnelag meiner også at: 1. Noreg må heve statusen for immateriell kulturarv. 2. Det frivillige kulturminnevernet må få styrka rammevilkår. FNS BEREKRAFTSMÅL 11.4) Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og natur- arven i verda. Sande bygdekvinnelag

10 Politisk plattform FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. FNs berekraftsmål har 17 mål med 169 delmål. I politisk plattform har vi sett inn nokre mål/delmål, med det er fleire berekraftsmål som er aktuelle for oss. Tekst og illustrasjon er henta frå nettsida fn.no. FNs BÆREKRAFTSMÅL

11 Politisk plattform Trykkeri og layout: Flisa Trykkeri www.flisatrykkeri.no

12 Politisk plattform Bygdekvinnelaget sine etiske køyrereglar Vi skal respektere kvarandre Vi skal vere opne og ærlege Vi skal syne engasjement Vi skal vere lojale mot avtalar og avgjersler Vi skal skape trivsel, stolthet og glede

RkJQdWJsaXNoZXIy NDk2MDc=