Norges Bygdekvinnelag - Arbeidsplan 2023-2024 - Nynorsk

ARBEIDSPLAN 2022-2023 1 Tema Arbeidsplan | Nynorsk | 2023-2024 Norges Bygdekvinnelag

NORGES BYGDEKVINNELAG 2 Visste du at Norges Bygdekvinnelag er akkreditert som råd- gjevande organisasjon for UNESCO? . . . Det betyr at arbeidet som blir gjort av Bygdekvinnene for å overføre kunnskap om mattradisjonar er på verdsarvlista. . . .

ARBEIDSPLAN 2022-2023 3 Vi gjer eit viktig arbeid med å ta vare på matkultur som immateriell kulturarv. Det er verkeleg noko å vere stolt av!

NORGES BYGDEKVINNELAG 4 Tema NORGES BYGDEKVINNELAGS ARBEIDSPLAN 2021-2022 Foto: Hilde Kvivik Kavli

ARBEIDSPLAN 2022-2023 5 Visjon Norges Bygdekvinnelag er ein landsomfattande organisasjon med 12 000 medlemmar, 430 lokallag, 18 distriktslag og eit nasjonalt sentralledd. Vi har mange aktive og sterke lokallag i heile landet. Vi er inspirator og pådrivar for gode kvinneliv og trygge og aktive lokalmiljø. Vi er gode på matkultur og vi står for eit ope og inkluderande fellesskap. Bygdekvinnelaget - ein møteplass for aktive kvinner –visjon Foto: Øyvind Strand Endal. Norges Bygdekvinnelags arbeidsplan for 2023-2024 Bygdekvinnelaget sin arbeidsplan vart vedteke på Landsmøtet, og gjeld for heile organisasjonen. Arbeidsplanen gir tips, idear og føringar for lokallag, distriktslag og sentralledd når ein planlegg aktivitetar og lagar årsplanar. Ingen lag kan gjere alt, og aktivitetane må tilpassast lokale ønskjer og behov, men saman er vi allemed på å bidra til å nå dei overordnamåla for organisasjonen. Strategi, politisk plattform, vedtekter og arbeidsplan seier noko om kven bygdekvinnelaget er, korleis vi organiserer oss og kva saker vi ønsker å arbeide for. Føremålsparagrafen i vedtektene er den viktigaste rettesnora for all aktivitet. BYGDEKVINNELAGETS STYRKER OG IDENTITET 1 Vi har aktive og sterke lokallag i heile landet 2 Vi er eit samlingspunkt og står for eit ope og inkluderande fellesskap 3 Vi er inspirator og pådrivar for likestilling, folkehelse og aktive lokalmiljø 4 Vi er tradisjonsberar og ekspertar på matkultur, vidarefører og skaper nye 5 Vi formidlar viktigheita av norsk matproduksjon for matsikkerhet, beredskap, og førebygging av matsvinn, levende bygder, kulturlandskap og berekraftig forvaltning av ressursane på jorda 6 Vi er rause med kvarandre 7 Vi torer å satse og får ting gjort Fra strategi mot 2026 FØREMÅLET MED ORGANISASJONEN Lagets formål er å samle kvinner som ser meininga i aktive bygdemiljø og primærnæringane. Norges Bygdekvinnelag er ein partipolitisk nøytral organisasjon som skal ivareta kulturelle, sosiale og økonomiske interesser for kvinnene og bygdefolket, og bygge på likeverd, demokrati og kristen kulturarv. MÅL Arbeidsplanen bygger på de fire overordna måla som er omtala i strategien: Vi gjer ein forskjell i bygda Vi blir sett og høyrt Vi opnar og inkluderer Vi er ein sterk organisasjon - ein møteplass for aktive kvinner

NORGES BYGDEKVINNELAG 6 Tema Foto: Ole Skaten

ARBEIDSPLAN 2022-2023 7 Satsingsområde 1. Fleire lokallag har meir aktivitet, til nytte for laget og lokalmiljøet 2. Utnytte styrken i fellesskapet og spele saman om felles satsingar Norges Bygdekvinnelag har mange lokallag, med store variasjonar mellom laga. Når laga satsar på aktivitetar, vil både talet på medlemmar og aktivitetsnivå auke. Lag kan få ekstra giv av samarbeidmed andre bygdekvinnelag og andre organisasjonar. Tiltak LOKALLAGA: - har aktivitetar somnår menneske med ulik alder, bakgrunn og interesser. - har aktivitetar samanmed andre organisasjonar og aktørar i bygda - samarbeider med bygdekvinnelag i nærleiken - samarbeider med andre lag og foreiningar for å utveksle erfaringar, kompetanse og ha arrangement saman. DISTRIKTSLAGA: - har jamleg kontakt med sine lokallag, motiverer og engasjerer lokallaga - har samlingar, kurs og organisasjonsopplæring for lokallaga - undersøker moglegheiter for prosjektmidlar til distriktslaget og lokallaga NORGES BYGDEKVINNELAG: - kårar «Årets lokallag» for å synleggjere aktiviteten i lokallaga - søkjer prosjektmidlar for felles satsingar i organisasjonen - gir ut medlemsbladet Bygdekvinner minst to gongar årleg - sender ut lokallagssendingmed informasjon om kva som skjer i organisasjonen - sender ut digitalt nyhendebrev - sender ut e-post med helsing og informasjon til alle medlemmer Bygdekvinnelaget er ein samfunnsaktør som skapar attraktive møteplassar, og engasjerer oss i lokale samfunnsspørsmål. Vi berer tradisjonar videre, samstundes som vi tenkjer nytt. Vi gjer ein forskjell i bygda

NORGES BYGDEKVINNELAG 8 Tema Foto: Helle Berger

ARBEIDSPLAN 2022-2023 9 Tiltak LOKALLAGA: - gjer seg synlegemed Bygdekvinnelagsmateriell der vi arrangerer eller deltek - brukar eigne nettsider, Facebook og Instagram for å synleggjere og invitere til aktivitetar - sender lesarinnlegg frå sentralleddet vidare til lokalavisa - samarbeider med andre lokallag for å utveksle erfaringar i bruk av nettsider og sosiale media - gjer Bygdekvinnelaget sitt engasjement kjent i kommunen gjennom kontakt med politikarar og administrasjon - deltek i ulike komitéar i kommunen DISTRIKTSLAGA: - samarbeider med andre frivillige lag og organisasjonar - tar opp organisasjonen sine aktuelle politiske saker på styremøta - sender lesarinnlegg frå sentralleddet videre til aviser i områder der det ikkje er lokallag - oppmuntrar og hjelper lokallaga til å opprette og bruke eigne nettsider NORGES BYGDEKVINNELAG: - nettsidekurs, råd og rettleiing til distriktslag og lokallag - sender ut forslag til lesarinnlegg knytt til aktuelle tema i løpet av året - inviterer til digitale temamøte - markerer Norges Bygdekvinnelags politiske standpunkt overfor nasjonale myndigheiter - brukar kommune- og stortingsval, og årlege aksjonar for å markere organisasjonen sine saker Satsingsområde 1. Auke talet på lokallag sombrukar eigne nettsider og er til stade på sosiale media 2. Invitere med andre organisasjonar på aktivitetar, og takke ja til fleire invitasjonar Vi er synlege gjennom aktivitetar som er tilgjengeleg for alle, og vi er synlege og tydelege for dei som tek avgjersler lokalt, nasjonalt og globalt. Vi er også synlege i samarbeid med andre organisasjonar. Vi aukar vår eige medvite, rolle og makt som forbrukarorganisasjon. Vi blir sett og høyrt

NORGES BYGDEKVINNELAG 10 Tema Foto: Grytten Bygdekvinnelag

ARBEIDSPLAN 2022-2023 11 Tiltak LOKALLAGA: - er medvitne på korleis vi møter nye medlemmer og ønsker dei velkomne - er opne for nye idear og andre måtar å gjere ting på - inkluderer og inviterer til opne møter - informerer om laget og kvifor bli medlempå opne arrangement - brukar medlemsregisteret aktivt for å ha oversikt over og kontakt medmedlemmane i laget - har ulike møtestader ogmøtedagar for møta - har verveaktivitet i veke 5, 6 og 7 - har aktivitet under Bygdekvinneuka - synleggjer mangfaldet i organisasjonen i bruk av blider og tekst på nettsider og i all anna kommunikasjon - jobbar for å setje saman eit styre med styremedlemmar med ulik alder og bakgrunn - har einmed ansvar for inkludering ogmangfald i lokallagsstyret DISTRIKTSLAGA: - er med å markere Bygdekvinneuka og vervevekene - lager ein arbeidsplan for verving - synleggjere mangfald og inkludering i bruk av bilder og tekst - ha einmed ansvar for arbeidet med inkludering ogmangfald kvart distriktslag for å støtte og følge opp arbeidet med inkludering og mangfald i lokallaga - jobbar for å få styremedlemmer med eit breitt spenn i alder og bakgrunn NORGES BYGDEKVINNELAG: - syner mangfald og inkludering gjennommåten vi kommuniserer på - Informasjon om aktuelle støtteordningar til arbeidmed inkludering ogmangfald i distrikts- og lokallaga - jobbar for å få styremedlemmer med eit breitt spenn i alder og bakgrunn Satsingsområde 1. Tiltrekke oss medlemmar med ulik alder og bakgrunn 2. Tillitsvalde skal representere variasjonen blant medlemmane Medlemmane speglar mangfaldet i lokalsamfunnet og det syner seg i aktivitetane, engasjementet og alderssamansetninga. Vi er nysgjerrige og søkjer kunnskap på tvers av alder, bakgrunn og interesseområde. Lokallaga er eit inkluderande fellesskap det er lett å bli ein del av. Vi opnar og inkluderer

NORGES BYGDEKVINNELAG 12 Tema Foto: Jon Marius Nilsson/Norges Bygdekvinnelag

ARBEIDSPLAN 2022-2023 13 Tiltak LOKALLAGA: - tar i bruk organisasjonsskolen i opplæring av tillitsvalde - delegerer oppgåver og let nye medlemmer ta ansvar for saker dei er engasjert i - har god rutine for overlapping for å skape kontinuitet i laget DISTRIKTSLAGA: - motiverer til oppstart av nye lokallag - har ein plan for opplæring av nye tillitsvalde - tek i bruk organisasjonsskolen i opplæring av tillitsvalde - jobbar for å ha god økonomi i laget, og nyttar ordningar som momskompensasjon, Studieforbundet, prosjekt i Norges Bygdekvinnelag og lokale støtteordningar NORGES BYGDEKVINNELAG: - gjev økonomisk støtte og hjelp til oppstart av nye lag - inviterer til temamøter som er opne for alle - inviterer tillitsvalde i distriktslaget til digitale møter - arrangerer organisasjonskurs for tillitsvalde i distriktslaga - arrangerer inspirasjonsseminar for medlemmane i 2023 - Jobbar for sentrale aktivitetar i heile landet Satsingsområde 1. Etablere fleire nye lokallag 2. Få med fleire tillitsvalde i organisasjonsopplæringa, og styrke samarbeidet i organisasjonen. Vi har fått mange nye lokallag over heile landet og vi har tydelege og dyktige tillitsvalde med kunnskap, lyst og evne til fornying og utvikling av organisasjonen. Det er gjevande og positivt å ta på seg verv. Vi er ein sterk organisasjon

Alle lokallag og distriktslag lagar eigne arbeidsplanar der dei skriv ned kva dei ønskjer å jobbe med det neste året. Arbeidsplanen er nyttige reiskap for å prioritere oppgåver og aktivitetar, og for å sørgje for at medlemmane vert inkludert i planlegginga til laget. Her er to døme på korleis ein arbeidsplan i eit lokallag kan sjå ut. Det kan også være lurt å fordele ansvar for planlegging og gjennomføring av de ulike aktivitetane og oppgåvene. Om ein delar på oppgåvene og alle bidreg litt, vert det kjekkare for alle å ta på seg oppgåver i laget. Døme 1 aktivitetsplan for lokallag Døme på 14 NORGES BYGDEKVINNELAG JANUAR Lokallagsmøte. Servering av byggrynsgraut. *Norges Bygdekvinnelag jobbar for å auke bruken av bygg til mat. FEBRUAR Vi inviterer til opemøte i Bygdekvinnelaget. Påmøtet fortel vi litt omkva vi jobbar med i Bygdekvinnelaget og kva aktivitetar vi har planlagt og kva du kan få som medlem. Det blir prat og servering av kveldsmat etter møtet. MARS Temakveld: «Kvinnehelse–et likestillingsprosjekt» Vi markerer kvinnedagen 8. mars saman med Frivillighetssentralen, kommunen og Røde Kors. MAI Måneskinstur. Tamed varmdrikke og sitjeunderlag til bålprat. JUNI Lokallagsmøte og sommaravslutning. AUGUST Bygdekvinneuka. Vi inviterer til ope arrangement der vi lagar «Mat frå alle verdas hjørner» og blir kjent. *Ha arrangement saman med andre som jobbar for å inkludere minoritetskvinner. I mange kommunar er vaksenopplæringa, biblioteket og frivillighetssentralen gode arenaer for å bli kjent og etablere kontakt med nye landskvinner. OKTOBER Årsmøte i lokallaget. Årsmøteforedrag om jordvern. DESEMBER Juletrefest. Sal av kaffiog kaker til inntekt for laget. Ope arrangement.

ARBEIDSPLAN 2022-2023 15 Aktivitetsplan Døme 2 JANUAR Ope møte om berekraftige val av matvarer. Vi inviterer ein ernæringsekspert som kan gje oss enkle tips til sunne og gode oppskrifter. FEBRUAR Lokallagsmøte. På møtet går vi gjennom lokallagsutsendinga. Vi snurrar vervefilm fra organisasjonsskolen og diskuterer kva vi kan gjere for å få med fleire i laget. Verveaksjon i uke 5-7. Vi inviterer til aktivitetar for å få nye medlemmar. MARS Lokallagsmøte og organisasjonskurs. Vi brukar Norges Bygdekvinnelag sin «organisasjonsskolen». Saman med husflidslaget møtast vi for kaffi, lapping og stopping av kle. Om du aldri har prøvd før, så får du hjelp. Ta med nål og tråd. Vi inviterer til kurs i surdeigsbakst. Kr. 100,- for medlemmar og kr 200,- for ikkje-medlemmar. * Send studieplan til Studieforbundet kultur og tradisjon og få vaksenopplæringsmidlar. Kurset må ha godkjent studieplan, minst 4 deltakarar og vare i minst 4 timer. APRIL Lokallagsmøte på zoom. Kurs i nettsider og sosiale media. Kurshaldar fra administrasjonen i Norges Bygdekvinnelag. MAI Vi arrangerer kurs i dyrking av grønsaker i eigen hage saman med naturvernforbundet, bondelaget og turlaget. Ope for alle. *Ha opne arrangement saman med andre lokale lag og foreiningar slik at arrangementet kan famne mange med ulike interesser. Ha aktivitetar som kan vere moro for både barn, vaksne og eldre. Legg ned ein innsats for å få med innvandrarar, einslege og familiar. Møteplassar for alle, der alle kjenner seg inkludert, er med på å skape eit sosialt fellesskap og eit godt liv på bygda. JUNI Lokallagsmøte. Sommartur til sommarhalvøya. Ta med kle som passar til båttur, badstue og piknik. AUGUST Bygdekvinneuka. Vi viser oss fram på stand, og inviterer lokallagspolitikarar og andre, til å komme å besøke standen for å diskutere kva som er viktig for gode liv i levande bygder. *I 2023 er det kommunestyre- og fylkes- tingsval. Bygdekvinnelaget har ein eigen politisk plattform med felles politiske saker for organisasjonen. Kva med å spørje lokalpolitikarane kva dei meiner om viktige saker for Bygdekvinnelaget. SEPTEMBER Kurs i tradisjonsmat. Vaksne og barn lagar mat saman. Vi snakkar om kva som er berekraftig mat. Vi inviterer lokalavisa. *Norges Bygdekvinnelags har hatt fleire prosjekt som handlar om barn og mat. I heftet Tradisjonsmatskolen finn du tips til korleis arrangere kurs for barn og vaksne. OKTOBER Årsmøte i lokallaget. Hausttakkefest. NOVEMBER Lokallagsmøte. Vi inviterer til foredrag om Guatemala og Bygdekvinnelaget sitt engasjement for kvinner sine kår i Guatemala. *Vil ditt lag samle inn pengar til kvinnene i Guatemala? Vi har et eige kontonummer der privatpersonar og laget kan sette inn pengar: 9365 18 67841 DESEMBER Vi lagar julekaker saman. Før møtet sender vi ein spesiell invitasjon til minoritetskvinner og innflyttarar til bygda. Laget serverer gløgg og rundstykke. *Norges Bygdekvinnelag arbeider aktivt for å vere ein open og inkluderande organisasjon. For å lukkast i arbeidet må ein snakke om korleis ein kan inkludere og invitere innflyttarar, minoritetskvinner og andre inn i organisasjonen – så må ein ta grep.

Tips! Sjekk ut Bygdekvinnelaget si bok «Tradisjonsmatkolen». Her står det om mattradisjonar som kulturarv, UNESCO og tips til gjennomføring av matkurs. Følg andre distrikts- og lokallag på Facebook! Mange lag har gode aktivitetar som kan vere til inspirasjon. Bruk politisk plattformnår du skriv lesarinnlegg eller har møte med politikarar. Her står det om tema som skulemat, gjenbruk, inkludering, jordvern og eit likestilt arbeidsliv. På nettsidene ligg det massevis av tips ompolitisk påverknad og lesarinnlegg. Vil de ha nettsidekurs? Administrasjonen held gjerne kurs i nettsider og sosiale media. Alle medlemmar i bygdekvinnelaget kan kontakte juridisk hjelpetelefon og få ein time gratis førstehands-konsultasjon. Det kan vere saker om kva rettar ein har i sambandmed skifte, vald eller seksuelle overgrep, skilsmisse m.m.

ARBEIDSPLAN 2022-2023 17 Norges Bygdekvinnelag arbeider målretta for å vere ein mangfaldig organisasjon. Mangfald bidreg til nye idear, fleire aktivitetar og gjer organisa- sjonen meir bærekraftig. Forsidefoto: Øyvind Strand Endal Besøksadresse: Hollendergata 5, 3. etasje Postadresse.: Postboks 9358 Grønland, 0135 Oslo Telefon: 22 05 48 15 E-post: post@bygdekvinnelaget.no Nettside: www.bygdekvinnelaget.no Foto: Sand Bygdekvinnelag Visste du at Norges Bygdekvinnelag samarbeider med Utviklingsfondet for å betre kvinner sine kår i Guatemala. På nettsidene ligger tilbod om foredrag, oppskrifter og idear til arrangement. Lurer du på korleis du kan få pengar til kurs? Vi er medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon. Meld inn ditt kurs og få tilbake pengar til aktivitet. Ta gjerne direkte kontakt med dei hjelpsame tilsette i Skjåk på telefon: 61 21 77 50 Gjennombygdekvinnelagets medlemsregister kan ein sende e-post og SMS til alle medlemmer i sitt lokallag. I medlemsregisteret har de full oversikt over medlemmene og kan følgje med på medlemsutvikling og skrive ut medlemslister. Har du spørsmål om registeret? Ta kontakt med administrasjonen på telefon: 22 05 48 15 I «organisasjonsskolen» kan lokallaga velje små og store tema ein vil lære meir om. Kva med å finne fram organisasjonsskolen på neste lokallagsmøte for å sjekke ut materialet om rekneskap, verving, eller styrearbeid.

NORGES BYGDEKVINNELAG 18 Årshjul Januar Lokallagsutsending Februar Verveveker i veke 5, 6 og 7 April Distriktsleiarsamling Juni Send inn søknad ommomskompensasjon Juni 2024 Landsmøte August Lokallagsutsending September 2023 Kommune- og fylkestingsval November 2023 Inspirasjonsseminar Desember Innlevering av årsrapport for lokallaget 8. mars Kvinnedagen 25. mars Den store vaffeldagen 7. april Verdas helsedag 1. juni Verdas mjølkedag 5. juni Verdas miljødag Siste tysdag i september Den norske epledagen Siste torsdag i september Fårikålen sin festdag 15. oktober Den internasjonale bygdekvinnedagen 16. oktober Verdas matvaredag 23. oktober Grautdagen 25. november Den internasjonale dagen for å avskaffe valdmot kvinner og barn merkedager kalender

ARBEIDSPLAN 2022-2023 19 Tema Foto: Johan Høstmælingen/Flor

Bygdekvinnelagets etiske kjøreregler Vi skal respektere kvarandre Vi skal vere opne ogærlege Vi skal vise engasjement Vi skal vere lojale mot avtalar og avgjersler Vi skal skape trivsel, stoltheit og glede

RkJQdWJsaXNoZXIy NDk2MDc=